Om meg

 

Fødd 20. februar 1964 i Stordal, Noreg. Utdanning frå Statens yrkespedagogiske høgskule, Oslo, Institutt for metall, Oslo, diplom 1989.

Eg arbeider med kunst og design for utstilling og til offentlege rom. Materiala er i hovudsak stål, massing, kopar, sølv og tre. Målsetjing for arbeida mine varierer mellom relevante estetiske, kommunikative og funksjonelle kriterium med skiftande vektlegging av bruksaspektet og meir abstrakte formale aspekt. Offentleg kunst og oppdrag for kyrkjer har vore eit viktig arbeidsfelt. Her er eg opptatt av form, konstruksjon, identifikasjon og uttrykk og å forstå kunsten i samanheng med liturgi, rom og arkitektur.

Sentralt for meg er handverket og den eigenhendige utføringa med vektlegging på materiala sine stofflege kvalitetar, iboande fargar og karakter. Teknisk er fleire av arbeida mine presisjonsorienterte og tidkrevjande å lage. I sluttfasen med patinering og fleire brenningar blir intuisjon og spontanitet viktige drivkrefter som motsetning til form og komposisjon.

Kvit for footer-force