Skip to content

 

1.Menneske-stol, 2013, 730 x 93 x 8o cm, cortenstål og syrefast stål

Prosjektet kom til som resultat av ein idékonkurranse initiert av Sykkylven kommune med tema «Skaparglede». Skulpturen “Menneske – stol” er tenkt som eit symbol på skapargleda og utviklinga av lokalsamfunnet Sykkylven der ikkje minst møbelindustrien har vore ein sentral berebjelke i mange tiår. Historia er representert i søyla med det patinerte, jordfarga corténstålet. Søyla kan uttrykkje det tidlause og respekt for alt som gjennom generasjonar er skapt før oss; på same tid som dette materialet i dag vert brukt på innovativt vis av arkitektar og kunstnarar og dermed peikar mot framtida. Som ein klar kontrast til søyla, kan figuren på toppen vere eit uttrykk for optimisme og framtidstru; og stå som ei synleg oppfordring og påminning til lokalsamfunnet om å skape si eiga framtid.

3.Menneske-stol, 2013, 730 x 93 x 8o cm, cortenstål og syrefast stål

Menneskestol mot kyrkja